Jon Hjørnevik m/Iversen på gitar

Jon Hjørnevik m/Iversen på gitar

Poet og komiker Jon Hjørnevik m/Iversen på gitar presenterer: "Heimekontor i gravferda"


Nei og nei og atter nei. Poeten og humoristen Jon Hjørnevik er nok ein gong ute for å lesa frå dei rare diktsamlingane sine: I ein sofa frå Kora, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og no Heimekontor i gravferda.

Med seg har han dessverre Dagfinn Iversen på gitar, som støttar opp om Hjørneviks hårreisande dikt og grumsete song. Det vert eit brutalt møte med den gode husmor, den grufulle husmor, sår erotikk, oppvekst, utvekst, nesten-kjærleik, bygde- og rekkehustragediar. Og mykje meir. Høyr (for mange heilt ukjende) klassikarar som «Pelsdyrkonsulent på friarfot» og «Fadder i Botswana». I tillegg skal det Pulast; det går mange Steinras; Hells Angels kjem gjerne på besøk. Her er mykje å kvi seg til.

Også denne gongen går honoraret til å dekka Dagfinn Iversen si ubetalte husleige. Velkommen til ein slags song, lyriske grynt og ekte heimekos.

Åtvaring
Showet inneheld dialekt og nynorsk)

SAGT OM JON HJØRNEVIK OG DIKTA HANS...
«...eg ler like godt kvar gong». CHRISTINE HOPE, komikar, revystjerne og dama til Doddo.

«Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. På sin måte.Og det er små, rare og ustyrtelig morsomme dikt».
STAND UP BERGEN, forfattarens favorittorganisasjon.

«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak.»
THORVALD STEEN, stjerneforfattar og «vaktbikkje».

«Du kan ikkje leva av å lesa dikt»
BRITT–HELEN, mor til Hjørnevik.

«Fy faen så jævli bra Hjørneviken» FULL MANN, fra Askøy.

«...Hjørnevik er Norges mest hårreisande lyrikarhelt».
ARE KALVØ, komikar og forfattar og Are Kalvø.

Sist oppdatert 13. september 2014 03:09:04

© Copyright 2017

Bellman pub - Stedet der folk møtes.

Kart

Kart

wifi

Wifi

instagram

#bellmanpub

Utviklet av Serit Itum , publiseres med eRedaktør

Login